Om Nedre Kjelstad

Nedre Kjelstad ligg i Hestadgrend i Gaular kommune, midt i hjartet av Sogn og Fjordane. Her har det vore drive gardsbruk sidan 800-900 talet, med sikre kjelder frå rundt 1100-talet. Eigedomen sine ressurar har vore nytta berekraftig, og forvalta til det beste for framtida og miljøet. I dag er vi ein familie på fire som er så heldige å forvalte ressursane. For oss er Kjelstad både heim, arbeid og ein stad vi hentar energi. Grenda vår Hestadgrend er ei perle langs Fosseheimen og Gaularvassdraget. Dette deler vi gjerne med andre.

IMG_0337

 

Om folka og garden

Vi er ein familie på foreldre og to barn. Ingunn er vaksen opp på garden, medan Ole kjem frå Ås i Akershus. Vi har budd på garden sidan 2005, og har på den tida gått frå mjølkeproduksjon på ein tradisjonell vestlandsgard, til sauehald, utmarksnæring og reiseliv.

I tillegg utviklar vi Longeneset hyttefelt på eigedomen. Her har vi romslege hyttetomter i idylliske og rolege omgjevnader. I 2019 har vi ferdig demohytta Holmevika. Ei hytte prosjektert av arkitekt Yngve Brakstad i lag med oss og Jølster Bygg. Holmevika Hytte er ei modernisert utgåve av JB Hytta til Jølster Bygg, som er tilpassa og har tatt innover seg terreng og landskap i Longeneset og dalføret ellers. Denne hytta vil vere mogleg å leige.

Vi har bustadtomter nær vassdraget, midt i naturen, med gode naboar. Vi har hjortejakt for leige og her er ørret i vatnet som ventar på å bli fiska.

Vi er rike på natur som vi gjerne deler med andre.

Skulle du/de vere interessert i noko av dette, så ver velkommen til å ta kontakt.

IMG_6557

 

Kontaktopplysningar

Epost: ingunn@nedrekjelstad.no

Mobil:

+47 90 10 38 37 (Ingunn)

+47 91 73 43 18 (Ole Martin)