Stabburet

Midt på tunet på Kjelstad har vi eit stabbur som er innreidd som gjestehus. Stabburet ligg midt på gardstunet, nær huset der vi bur, samt nær fjøs, løe og dyreliv. Gjestehuset er eit koseleg lite hus for seg sjølv, som passar for dei som ønskjer å oppleve litt av livet og naturen her i ei lita bygd langs Gaularvassdraget. Gjestehuset er fullt innreia for å bu komfortabelt og likevel nøkternt, i naturlege omgjevnader. Gamle møblar og tømra vegger skapar stemning og ro.

Stabburet har fullt innreia kjøkken med sitjeplass og peisomn, bad med dusj og badstu, to soveloft med høvesvis ei dobbeltseng og ei enkeltseng.

Sjå https://www.airbnb.no/rooms/21792017?s=51 for meir informasjon.

IMG_0155

IMG_0334