Hyttetomter

DSC_0541

I dag er det 6 hytter i Longeneset hyttefelt, og mange nydelege tomtar klar for dei som ønskjer seg ei tomt i eit roleg og naturskjønt landskap.

Tomtene er romslege, rundt 1 daa, med godt armslag til naboar. Terrenget er småkupert ned mot vassdraget, med gode solforhold. Tomtene ligg idyllisk i umiddelbar nærleik til Hestadfjorden. Her er fint å fiske, bade, padle og andre båtaktivitetar på sommarhalvåret. På vinteren kan det vere islagt, med moglegheit for skøyteis, eller skigåing.

Ellers er her kort til skogs og til fjells. Naturen er roleg og idyllisk, og innbyr til rekreasjon og friluftsliv.

Tomtene kostar frå 450.000 og oppover, og vert levert med veg, straum, VA-tilkobling og fiber til tomtegrensa.

Vi er i gang med å bygge demo-hytta Holmevika saman med Jølster Bygg og arkitekt Yngve Brakstad. Denne demo-hytta skal vere ferdistilt i 2019, og vil vere tilgjengeleg for utleige.