Utmark

Utmarksressursane på Kjelstad har alltid vore hausta aktivt av. Det gjeld både skogen og dyreviltet.

Kjelstad Skog- og Kultursti er ein tursti på omlag 2 km tilgjengeleg for alle. Den er har universell tilgang den første kilometeren, fram til ein rasteplass med gapahuk. Langs stien er det postar med informasjon om skogen og kulturminner på Kjelstad.

Det går merka tursti frå Kjelstad til Skudal, både langs skogsveg og i skog. I tillegg er Kjelstad utgangspunkt for sti til Kjelstadstølen (600 moh) og Kjelstadnakken (1055 moh).

Vi leiger ut jakt på hjortevilt og småvilt. Det er også tilrettelagt for ørretfiske i Hestadfjorden.

DSC_0279

 

Utmarka måler ca 4.500 daa og er både brattlent og kupert. Ca 2.000 daa er skog, resten er snaufjell. Skogen er blandingsskog av bar og lauv, med store samanhengande områder med naturskog og ypperleg hjorteterreng. Garden har om lag 100 daa innmark (inkl bøar), der det er gode moglegheiter for jakt. Stølen er tilgjengeleg for overnatting ute i terrenget (3 senger). Utmarka er godt tilgjengeleg med skogsvegar.

 

IMG_0514Det høgaste punktet på eigedomen er Kjelstadnakken på 1055 moh. Her har ein god utsikt i alle himmelretningar – mot Jostedalsbreen i aust og havgavet i vest.