Jakt

Vi samarbeider med Ingrid og Eirik Skaar Døskeland om utleige av jaktrettar på Kjelstad og Døskeland i lag. Døskeland ligg 10 km lenger ned Gaularvassdraget, med jaktrettar i eit terreng på ca 6.500 daa, og lakserettar i Gaula.

Vår målsetjing er å drive viltpleie av hjortestammen vår slik at vi i mange, mange år kan hente ut både trofèhjortar og hjortekjøt – og dei gode opplevingane.

Døskeland og Nedre Kjelstad har tilsaman har gardane eit areal på over 10.000 dekar, og omlag 20 hjorteløyver. Jakttida er frå 1. september til 1. desember. Ideelt antall personar på jakt samstundes er mellom 6-8. Jaktterrenga ligg 10 min køyring ifrå kvarandre.

DSC_0281

Hjortejakt

Hjortejakt er krevande og den mest spennande storviltjakta vi har i Noreg. Vi jagar ikkje hjort inn i terrenget, eller forar opp «tamhjort». Dette er ekte hjortejakt for jegrar som vil oppleve naturen slik den faktisk er. Hjorten er eit lunefullt og svært utfordrande vilt å jakte på, så ingen kan garantere resultat i form av antal felte dyr. Kunnskap om viltet og terrenget er to viktige faktorar som utleigar vil bidra med før og under opphaldet, men jakterfaring og antal timar i terrenget pr. jegerdøgn vil likevel vere heilt avgjerande for fellingsresultatet.

Både Døskeland Gard og Nedre Kjelstad Bruk har eit variert terreng som eignar seg godt til posteringsjakt, smygjakt og drivjakt. Her er svært gode mogelegheitar for bøjakt, skogsjakt og ”fjelljakt” i og over tregrensa.

Prisar 2015:

Pris for felling:

  • Bukk kr 5500,-
  • Kolle kr 4500,-
  • Kalv kr 3000,-

For kjøp av kjøt i tillegg vert det kr 80,- per kg. Alle prisar er inkl mva.

Ønskjer de eit pakketilbod, så kan de oppgje kor mange dyr de ønskjer og kva type dyr, så kan vi utarbeide det. Det vert fakturert eit depositum ved kontraktsinngåing, og deretter restbeløpet ved jaktstart. Periodar for jakt vert avtalt gjennom kontrakt.

Inkludert i prisen er:

  • Eksklusiv rett til hjortejakt på to gode jaktterreng i hjorten sitt kjerneområde i Sunnfjord.
  • Tilgjengeleg erfaren jaktguide kan leigast inn. Dette kjem i tillegg.
  • Tilgang til slakteplass
  • Tilgang til stølssel i terrenget på Nedre Kjelstad og lavvo på Døskelandsheia.
  • Tilgjengeleg jaktbu i utkant av innmark.
  • Ein har også tilgang på småviltjakta (rype, hare og småviltjakt, aurefiske i Hestadfjorden og fiske i Venavatnet og Kråkevatnet.