AktivitetAr

 

Hengekøye_web.jpg

Hestadfjorden

Hyttefeltet ligg på eit nes, med direkte nærleik til vatnet for alle tomtene. Hestadfjorden er kjent for godt fiske, så moglegheitene for å fiske sin egen middag er absolutt til stades. Er du glad i å vere på vatnet er det mange flotte plassar du kan ta båten eller kajakken. Hestadfjorden heng saman med Viksdalsvatnet, som strekk seg vidare austover.

Hjortejakt

Kjelstad hyttefelt ligg i kjerneområdet for hjorten her i Sunnfjord. Hjortebestanden er bærekraftig og sunn med den avskytinga som blir gjort i dag. Moglegheita for å leige jakt i nærområdet er til stades om dette er ønskelig.

 

 

Turmoglegheiter

Både sommar som vinter ligg fjellet og ventar på å blir brukt. Det er mange merka ruter i nærområdet til ulike stølar, som før vart nytta av gardane i dalen. Kjelstadstølen, som høyrer til garden, ligg ein bratt gåtur unna Kjelstad hyttefelt. Lønna når du kjem opp er ei fantastisk utsikt.

Er du glad i langrenn er det berre 15 km i bil til flotte skiløyper på Langeland, der du både finn lysløyper og lengre turløyper. På fjellet er det mange moglegheiter for ski, anten du er glad i fjellski eller ønskjer deg på topptur. Både her i nærområdet, eller i fjellområda rundt.

Frå sykkelsete opplev ein naturen på ein annan måte. Enten det er hjorten som beiter ein rolig sommarkveld, eller det er Eikelandsfossen som buldrar i utløpet av Hestadfjorden. Er du av den spreke sorten tar du turen opp til Utsikten på Gaularfjellet.