kjelstad

IMG_4841.jpg

Det har vore drive gardsbruk på Kjelstad sidan 800-900 talet, med sikre kjelder frå rundt 1100-talet. Eigedomen sine ressursar har vore nytta berekraftig, og forvalta til det beste for framtida og miljøet. I dag er vi ein familie på fire som er så heldige å halde garden og ressursane i hevd. For oss er Kjelstad både heim, arbeid og ein stad vi hentar energi frå.

Ingunn vaks opp på garden, medan Ole Martin kjem frå Ås i Akershus. Vi har budd på garden sidan 2005. I løpet av desse åra har vi gått frå mjølkeproduksjon på ein tradisjonell vestlandsgard, til sauehald, utmarksnæring og reiseliv. Vi har også bustadtomter nær vassdraget, midt i naturen, med gode naboar. Vi har hjortejakt for leige og auren i vatnet ventar på å bli fiska. Vi er rike på natur, og deler den gjerne med andre. Skulle du vere interessert, så ver velkommen til å ta kontakt. Vi deler gjerne godane med andre.

 
WEB_4781.jpg
 

Kjelstad ligg i Hestadgrend i Gaular, langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Grenda er ei perle prega av frodig natur, med Fosseheimen, Gaularvassdraget og det ikoniske Gaularfjellet like ved. Vegen er kort til store naturopplevingar, anten ein trivast best i skogen, på fjellet eller ved fjorden.

Hestagrend ligg midt i Vestland fylke: Bergen er cirka 2,5 time unna, og Førde berre 30 minutt. Det er med andre ord kort veg til byliv og kulturtilbod når det freistar.

Kjelstad er ikkje for deg som vil ha ski-in-ski out eller «fuglefjell-hyttefelt» med mange naboar. Her er det skogen sin ro som rår. Hytte her høver for deg som ønskjer å komme deg ut av kvardagen, og slappe av med vatn, skog og fjell rundt deg. For deg som vil gå turar i skog, mark og fjell, padle, fiske, bade og finne roen. Når du går ut hyttedøra – er du alt i naturen.