Hyttedraumen

- Eit lokalt trepartsamarbeid

20200525_Kjelstad_0007.jpg

Når ein kombinerer eit naturrikt hyttefelt på Kjelstad, ein grunneigar med kjærleik til naturen og skog, ein tradisjonsrik hyttebyggar frå Jølster og ein urban arkitekt frå Bergen/Bygstad kan det oppstå magi.

 

Når du køyrer av vegen på Kjelstad og set retning ned mot Hestadfjorden, snirklar du deg gjennom eit fantastisk stykke norsk natur, med mektige furuer som har levd lenge. Ved enden av vegen møter du noko unikt: Hytta Holmevika. Våren 2020 sto denne klar for salg. Inne i hytta, er du på eit vis framleis i skogen. Store vindauge dreg naturen inn i stova, og gir panoramautsyn mot vatn, skog og fjell.

– Holmevika er laga med kjærleik, av unikt norsk kvalitetstrevirke, levert av Alvdal Skurlag og Moelven, smiler grunneigar Ingunn Kjelstad, og viser stolt fram hytta.
– Dette eit samarbeid mellom oss, Jølster Bygg og arkitekt Yngve Leknes Brakstad, bygd av handverkarar som verkeleg kan faget sitt.  

 

Ønska å dele naturen med andre

Men dette er notid. Alle historier har ein start. Då Ingunn og familien flytta heim i 2005, sto dei ovanfor nokre val. Både Ingunn og mannen Ole Martin er utdanna sivilagronomar. Ole jobbar i Statens Vegvesen, Ingunn med næringsutvikling knytt til skog og tømmer i selskapa Woodinwest  og Fjordtømmer.

– Vi er glade i naturen, som vi har i rikt monn her, og ønskjer å dele den med andre. Våre interesser ligg i skog, fjell, jakt, fiske og utmarksressursar. Vi ønska å dele området og naturopplevingane her med andre, på våre premissar, seier ho.

– Svigerfar hadde etablert eit hyttefeltet. Vi bestemte oss for å regulere på nytt og gjere det skikkelig med store hyttetomter, som speler på lag med naturen. Du skal ikkje ha naboar tett på, og vi ønska å vere med og legge premissa for utviklinga av hyttefeltet, seier Ole Martin.

 
20200525_Kjelstad_0008.jpg
 

Arkitekten sette fart på prosjektet

Dei ønska å skape ei signaturhytte. Difor kontakta dei sivilarkitekt Yngve Brakstad.

– Vi ønska å teikne ei ny hytte, og vi kjente Yngve frå før. Han sette fart på oss, og introduserte oss for Jølster Bygg. Dei hadde gjort noko saman på ei hytte, som dei lurte på å føre vidare. Jølster Bygg har dei flotte JB-hyttene, som er eit varemerke for Sunnfjord. Vi ville ta det eit hakk vidare, og fornye merkevara. Ut av det kom ideen om å ta eit tradisjonell hytte, og skape noko nytt, seier Ingunn.

– Eg fekk ei omvising på hyttefeltet, og vi fann fort ut at vi har ei felles forståing av kjensla av eigenart på ein stad, kor viktig det er å ta vare på det som er og bygge vidare på dei kvalitetane naturen har. Dette må ein trekke inn i bygget ein skal skape. Når ein har ei genuin felles forståing for «staden» og det å ta vare på naturen, er det inspirerande å skape nye rom/bygg i fellesskap. Det er ei kreative reise, som skal ende med eit nytt bygg eller ein ny heim. Det er kjekt og spennande  å jobbe med ein byggherre som er ein sterk og tydeleg del av prosessen det er å komme fram til arkitekturen og karakteren til eit nytt bygg. Dette er eit drøymeprosjekt for ein arkitekt, slår Yngve fast.
– Eit utgangspunkt for prosjektet er at byggeherre/skogeigar oppriktig bryr seg om det vakre skogsområdet. Ønsket var å skape ei hytte som spelar vidare på skogen, med tanke på materialbruk og ikkje minst med audmjukleik til skogsbotnen, som ein ønska å lage minst mogleg avtrykk i. Vi bygger mellom furuene, utan å ta vekk eit tre for mykje. Eigarskapen og kjærleiken til eigen skog gir hyttefeltet identitet. Det er historie her – ein skogseigar med visjon og meiningar om området.Den tredje parten i samarbeidet er Jølster Bygg, som står for oppføring av hytta. Dei jobbar tett opp mot grunneigar, arkitekt og kunde, og frontar byggefeltet mot framtidige kundar.
– Vi møtte Ingunn og Ole Martin i ei felles interesse for lokal og kortreist kvalitet, samt bruken av tre. Dei var på synfaring i vår demohytte på Vassenden, og etterpå utvikla ideen seg om eit samarbeid. Vi kan tilpasse og utvikle nye hytter spesielt, og dei hadde ein visjon om noko eige og unikt  i sitt hyttefelt. Det gjorde det lett å gå vidare. Målet er å skape noko saman: Tomteseljar har ein hytteleverandør å anbefale, vi har tomter å vise til våre kundar. Difor var det viktig å bygge opp eit heilskapleg og attraktivt område, sjølv med mange bygg.

 
20200525_Kjelstad_0001.jpg
 

 Ei hytte tilpassa tomt, natur og kvalitetane i området

– Holmevika er teikna ut frå ein JB-hytte modell som heiter «Svale» og viser kva retning som er mulig å ta ut frå eit utgangspunkt. Vi samarbeida tett med Yngve og grunneigar, og kom saman fram til hyttemodellen. Holmevika er spesiell i form og uttrykk, og eit perfekt døme på korleis ei hytte skal tilpassast tomt, natur og området sine kvalitetar. Bruken av malmfuru er framtredande i fasade og tak. Hytta er eit blikkfang i seg sjølv, utan å vere ruvande eller stikke seg ut i naturen. Arkitekturen med store glasflater og vinklar dreg naturen tett på og inn i bygget. Malmfuru og fargen på vindaugekarmar tek inn fargar frå naturen rundt. Hytta er open mot naturen, men skjerma frå naboar. Med sine spesielle vinklar på vegger og tak, takoverbygg for terrasse utan støtter og muligheit for utvendig peis blir ordet luftig» ei bra beskriving. Også innvendig er det luftig, og hemsen er fint knyta til etasjen under. Hytta er moderne i linjene, men vil også fenge kundar som tenker meir tradisjonell stil. Moderne tradisjonell er ei god beskriving, seier Flatfjord.

– Vi ønska ei hytte som var tilpassa naturen rundt oss. Når du er inne skal du ta med kvalitetane i landskapet inn i hytta. Det skal følast litt som om du framleis er i skogen.

Designen er tiltalande og funksjonelt. Ikkje ei stor og ruvande hytte, men ei landeleg hytte som speler på lag med omgivnadane, laga av materiale ein ikkje går på kompromiss med: Dei rette elementa som passer inn og tilpassar seg naturen rundt. Den er praktisk, nesten litt nøktern, med rik på materialval og kvalitet, og krev lite vedlikehald. Brukar du treverk på rette vis, kan dei stå i 200 år utan at du treng gjere noko særleg med det, seier Ingunn.

Arkitekten sin hovudtanke var at materialbruken skal gli rolig og dempa inn i skogen, med få materialar, og treverk som grånar og naturlig spelar opp mot naturen. Samtidig skal arkitekturen vise ei ny tid, og ein ny måte å ha rekreasjon i naturen på:
– Nemlig at naturen blir teke i vare rundt bygget. Den blir og invitert inn i hytta, og blir ein viktig del av opplevinga av å vere i di eiga trygge hytte. Hytta har store, opne glasfelt, men også gode, lune krokar å trekke seg tilbake i. Utvending byr den på generøse takoverbygg, som ein kan trekke inn under og framleis vere ute, sjølv i dårlig ver. At ein heile tida blir drege ut i ulike uterom i naturen når ein er inne, og at allrommet opnar seg opp mot skog og vatn, er det som skil denne hytta mest frå meir tradisjonelle hytter, fortel Yngve. 

 
20200403_Kjelstad-Bruk_0017.jpg
 

Ser stort potensiale for Kjelstad og Holmevika

Flatfjord seier han ser stort potensiale for hyttefeltet og hytta Holmevika.

– Hyttefeltet har naturen i høgsetet. Kvaliteten ligg på ordet ro! Du har skog, fjell og vatn rett utanfor døra, og likevel kort veg til Bergen og Førde. Potensialet er stort, spesielt for dei som ikkje søker mot skitrekk og tettbygde hyttefelt med mykje folk. Tomtene er store, og slik plassert i terrenget at ein er skjerma for naboane. Vi er sikre på at hyttetypen vil falle i smak og gi eit meirsal, både på Kjelstad og for Jølster Bygg i andre område. Når hytta er klar for prøvebuing vil dette gi meir merksemd for både felt, hytte og alle kvalitetane der. Vi håpar at tomtene blir selt og at Jølster Bygg får etablert denne og andre hytter i feltet, seier Flatjord og fortel at dei ofte lagar hytter som blir spesialteikna ut frå skisser og idear frå kunde, frå grunn av eller frå ein grunnmodell frå JB.
– Vi har ikkje ein rein katalog med «hyllevarer», og vi er oppteken av varig kvalitet. Den tradisjonelle JB-hytta er basert på gammal sunnfjordsk byggeskikk, tilpassa dagens krav til komfort og velvære.  Hyttebransjen går meir og meir mot masseproduksjon og mengde, vi vel å rette oss mot kundens ynskje og behov. Tradisjonell eller funkis – ingen kundar er like i ønskjer og behov. Ei hytte er ei investering i livskvalitet og då er vi opptatt av å bygge den perfekte hytte for kvar kunde. Vi produserer også eigne kjøkken og inventar, så kunden kan få ei spesialtilpassa pakke, og treng berre å forholda seg til ein leverandør, og då gjerne med berre ein kontaktperson å forholda seg til.