TOMTER

20200403_Kjelstad-Bruk_0029.jpg

Longeneset er eit stort nes som går ut i Hestadfjorden. Her har vi tomter som ligg i kanten av det verna Gaularvassdraget. Vi har både hyttetomter og bustadtomter.

Sjå Plankart for Longenest her: Hytte- og bustadtomter for salg

Hyttetomter

I dag er det 6 hytter i Longeneset hyttefelt, og mange nydelege tomtar klar for dei som ønskjer seg ei tomt i eit roleg og naturskjønt landskap.

Tomtene er romslege, rundt 1 daa, med godt armslag til naboar. Terrenget er småkupert ned mot vassdraget, med gode solforhold. Tomtene ligg idyllisk i umiddelbar nærleik til Hestadfjorden. Her er fint å fiske, bade, padle og andre båtaktivitetar på sommarhalvåret. På vinteren kan det vere islagt, med moglegheit for skøyteis, eller skigåing.

Ellers er her kort til skogs og til fjells. Naturen er roleg og idyllisk, og innbyr til rekreasjon og friluftsliv.

Tomtene kostar frå kr 500.000 og oppover, og vert levert med veg, straum, VA-tilkobling og fiber til tomtegrensa.

 

Bustadtomter

Vi har bustadtomter til sals. Tomtene ligg idyllisk til med usikt over Hestadfjorden og kort veg ned til vatnet. Du har naturen rett utanfor døra. Kort veg til skogs og fjells. Ideelt for deg som ønskjer slike omgjevnader, rom for deg sjølv og tilgang på livet i ei lita grend i Sunnfjord.